Tema: Beite

Beiting med store buskapar i Danmark

Danske Kvægkongres - «kvægbranchens største faglige begivenhed»- gjekk av stabelen i Herning 26.-27.februar i år. Den vert arrangert i samarbeid mellom Landbrug&Fødevarer og SEGES Innovation.

Inga Skretting

Mjølkeprodusent

Det var lagt opp til to innhaldsrike dagar med faglege innlegg innan mange ulike tema. Politikk, miljø, dyrehelse, dyrevelferd og beiting for å nemna noko.

Beiting med stor buskap

Clausen Agro representert ved driftsleiarane Lars Andersen og Båhne Janssen er aktuelle fordi dei får til beiting med stor buskap. Drifta består av planteavl, grovfôrdyrking og mjølkeproduksjon og dei har 650 holsteinkyr i økologisk produksjon. I mjølkeproduksjonen har bedrifta ti tilsette i tillegg til dei to driftsleiarane. Ytinga i 2023 var 10352 kg EKM/årsku.

To fjos med eigne skifter

Kyrne er delt i to fjos, og kvar flokk går på eigne skifte. Alle skifta er teikna inn på eit skiftekart og har fast nummerering, 28 skifter i alt. Den lengste avstanden frå fjoset er 1,5 km. Ein person har hovudansvaret for å følgja med på vekst og tilstand på beita og dette vert følgt tett oppt kvar veke gjennom heile beitesesongen.

For kvar veke vert det sett opp eit vekeskjema som viser kva skiftenummer kvar flokk skal gå på dei neste dagane. Det hjelper også medarbeidarane som kjem til kveldsmjølking slik at dei kan vita kva flokk som høyrer til i kva fjos.

Beiteopptak på 6,4 kg ts

I 2023 var beiteopptaket per ku og dag berekna til 6,4 kg ts ( tørrstoff) i snitt gjennom heile beitesesongen. Avlinga pr. dekar var 831 kg ts. Dette var det høgaste fôropptaket og avlinga sidan dei starta med dette opplegget i 2021.

Dei har gode erfaringar med å starta beitesesongen på areal lengst vekk frå fjoset først. Då er kyrne mest motiverte for både å gå og å beita. I tillegg slepp dei å gå så langt midt på sommaren når det vanlegvis er på det varmaste. Når temperaturen vert over 25 grader står kyrne inne om dagen og beitar om natta.

Beiteslepp tidleg nok

Når 500-600 kyr skal på beite trengs det faste drivvegar. Hovuddrivvegen er pukka opp før det er lagt på armeringsmatte i plast og deretter fylt på med fin sand øverst. På ønskjelista står utbetring av fleire drivvegar

Det er viktig at beitesleppet vert tidleg nok. På Clausen Agro er det rundt 20.april. Dei slepper heller nokre dagar for tidleg enn for seint. Då unngår dei at graset på dei neste skifta vert for lange. Det gjer også at kyrne får avgrensa opptak på beite dei første dagane og får med det ei meir forsiktig tilvenning. Kyrne beitar 2-3 timar til dagen i starten.

Alt arealet kan vatnast og dei har rikeleg areal å beita slik at graset vert sluppe opp til slått på alle skifta i løpet av sesongen. Gjenlegg på beita nærast fjoset vert sådd med vårsådd haustrug og raigras.

Meir enn 1 500 kroner å hente på beiting

Hans Lunds oppsummering av beitetid pr. skifte.

Foto: Inga Skretting

Hans Lund frå Økologirådgivning Danmark presenterte gjennom innlegget «Gode resultater med 500 køer på græs» resultat frå store, økologiske buskapar (over 400 kyr) som får til å ha høgt foropptak på beite.

Hans Lunds oppsummering av beitetid pr. skifte.

Foto: Inga Skretting

Pluss på DKK 1 000 pr. årsku

Lund viste også utrekningar for eit eksempelbruk med 500 kyr og 5000 dekar som ga forventa endring i resultat på meir enn DKK 1 000 (ca. NOK 1 550) pr. årsku ved å gå frå inga beiting til eit beiteopptak på 5 kg ts/dag.

Han presenterte ulike beiteopplegg og var tydeleg på at det er flest fordelar med skiftebeite med mange små skifter;

Gjeld å planleggja godt

Hans Lunds rådet for å lukkast med beitinga er først og fremst å planleggja godt. Ein bør som, nemnt over, ha skiftebeiting eller stripebeiting der kyrne får nytt beite kvar dag. Beitestorleik må tilpassast til grasbehovet, og kyrne må få tilpassa for inne. Det må takast ein slått på alle beita i løpet av sesongen.

Fordeler skiftebeiting

  • Auka avling. Skiftebeiting der kyrne får nytt beite kvar 24-36 timer kan gje eit eksta utbytte på 20-25 prosent når graset får sju daga eller meir kvile

  • Gras som får veksa seg høgare før det vert beita får lenger røter, som igjen fører til at det er meir tørkesterkt

  • Motivasjonen til kyrne for å gå ut og beita vert større når dei veit at dei kjem på nytt skifte. Dette er ekstra viktig utover i sesongen når sukkerinnhaldet i graset går ned

  • Meir einsarta graskvalitet og «vomvennleg» gras. Gras med meir fiber utan at fordøyelegheiten vert dårlegare. På store skifte vert gjerne graset beita når det er 8-10 cm. Med dette opplegget er graset opp mot 15 cm før det vert beita. +

  • Buffer framfor seg ved vanskelege forhold

Ulempe skiftebeiting

  • Krev mykje gjerde og drivvegar

  • Vassforsyning til kyrne må løysast

  • Det bør takast ein slåttt på alt arealet i løpet av sesongen

Tips for god styring av beitinga ved bruk av skiftebeite

Oppsyn med beitet fleire gonger i veka så du kan reagera i god tid Beita graset ned til 4-5 cm frå starten. Det gjer ei god tett grasmark seinare

Planlegg å ta ein slått på alle beita. Stubbhøgde 5 cm. Minst 3 veker kvile før slått, gjerne 4 veker. Viss det ikkje vert teke ein slått risikerer du å berre ha eit «skitebeite» frå august